Anno 1024
Moster 2024Kva hende på Moster i 1024? Var det her Olav den heilage og hans biskop Grimkjell overtyda nordmenn om at kristendomen skulle vere den einaste tillate religionen i Noreg? Var det her dei grunnleggande reglane for kyrkje- og kongemakta blei debattert og skrive ned? Markerer Moster skiljelinjene der ville vikingar blei til lovlydige nordmenn? Eller var det noko heilt anna som skjedde? Ved terskelen til 1000-årsjubileet for innføringa av Kristenretten i 2024, bør vi reflektere over kva som eigentleg skjedde for tusen år sidan. Vi må sjå forbi mytane og forenklingane, gå til kjeldene og leite oss fram til kva vi faktisk veit om overgangen til kristendomen. Kor kom denne kristenretten som skal ha blitt vedtatt på Moster i 1024 frå? Podcasten er støttet av Fritt Ord.