Russemamma - med Eli Kari Gjengedal
Bauer MediaMin einborne son Nikken er russ, og med på russebuss. Ein russebuss eg har teke delvis ansvar for. Eg sit i klemma og har mest sannsynleg skaffa meg eit helsikkes problem. Men eg må berre stå i det, håpe at det går bra. Lære så mykje som mogeleg av russen og kanskje forstå dei litt betre. Eg skal følgje 20 elleville gutar, ein gjeng ungfolar som sprett i alle retningar. Uforutsigare, ustrukturerte, men sjukt klare for vaksenlivet. Dei veit best og trur på det sjølv! Eg skal ta med meg så mange ekspertar som muleg for å snakke om heile Russeuniverset. Kartlegge lover og reglar, helse, rus og kultur og mykje meir som dukkar opp på min hardcore russebussveg. Eg er blitt Russemamma og tek det på alvor.
- Antall episoder: 32
- Siste episode: 2024-05-22
- Samfunn og kultur