
87. Håvamål. Samtale med norrønfilolog Mikael Males
Håvamål er eit av dei mest kjende eddadikta. Men kva er det for eit dikt? Kor gammalt er det? Er det dikta av éin eller mange? Kva var diktaren eller diktarane ute etter? Kvifor legg han / dei orda i munnen på Odin? Passar levereglane i diktet vår tid? Kor tidleg bør du eigentleg stå opp dersom du skal drepa nokon?
Tru og meining i gammal tid
Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendommen og før naturvitskap og psykologi? Vi skal særleg snakke om førkristen norrøn religion, samisk religion og det som blir kalla folketru, gjerne med ei eksistensiell vinkling. Eg som står bak er Eldar Heide, professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. Det blir samtalar mellom meg og lekperson Gry Offernes og intervju med forskarar frå dei ulike faga som dekker feltet. Vi vinklar det mot forsking og held oss tett på kjeldene. [email protected]
- Antall episoder: 89
- Siste episode: 2025-05-18
- Historie